I dag kom eg til å tenke på diverse slagord og fann nokon kriterium for slagord på verdsveven:
1.Det skal vere lett å hugse.
2.Det skal gje meining i forhold til merket.
3.Det må falle godt inn i språket.
4.Det må kunne beskyttast juridisk
I mi vidare vurdering har eg lagt mest vekt på kriterium 2. Noken er kanskje meir for motto å rekne men vi er ikkje så nøgne på det.
Gode slagordFirda vgs: ”Meir enn ein skule” Så sant så sant.
Sogn og Fjordane: "Trivselsfylket i vest" Klart det!
Hotel Cæsar: "Et hjem for oss, et hjem for deg" Rett og slett.
TV 2: "Se hva som skjer" Ja det er ikkje noke anna eg heller vil.
Freia: "Et lite stykke Norge" I allefall viss du er i utlandet.
Fjordland: "Så godt, så enkelt" Ja det enklaste e ofte det beste (Det var Rema 1000)
Eidsvolleden: "Enige og tro til Dovre faller" Då snakka vi.
Dårligare slagordDanvik fhs: "Internasjonalt mediesenter" Det var vel å ta litt hardt i
Høyre: "Frihet under ansvar" KJEDELIG!
Krf: "Bruk hjerte. Og hode. Og stemmen" Hallo hermar du etter 4H eller? Og ka skjer med punktum heile tida?
P4: "Lyden av Norge" Godt slagord, men er det sant? Neppe.
Narvesen: "Har du lyst har du lov" Det er no berre tull.
Color Line: "Opplev sjøen, glem alt annet" Ikkje så lett når ein ligge på over rekka og spyr. Burde heller vore: "Glem alt annet, du spyr hele veien likevel".
Joker: "De smarte sparer tid og penger"Er det no so særlig billig? Og tidbesparande når ein må snakke med alle sambygdingar både før under og etter handelen? Tar som oftast ein time før ein kjeme seg ut darifrå.
Synnøve Finden "God smak i hundre år" Nei veit du ka, den kvitosten er no ikkje noke god, og hadde ikkje TINE monopol på ost for 30 år sidan?
Viking Redningsteneste: "Når du er litt ute å kjøre" Det er jo nettopp det du ikkje e!