søndag 30. august 2009

Slik e no livet på ein gard

Eg har lova å skrive om livet på ein gard, og kjære lesar, her kjem det. I grunn ikkje så mykje å skryte av. Katten er død (gjekk med i 17. Mai feiringa som pappa så fint uttrykte det). Kyrene er for lengst komt på bordet og vel så det. Ripsa er det ingen som plukkar og graset blir slått av naboen. Siloen min er ikkje lenger beire enn siloen din. Skodda henge tongt ned i fjella. Slik e no livet på ein gard akuratt no. Men graset e grønt for alle...



1 kommentar:

  1. Å hælle måne! Er Katten død? Buhu!
    Eg kondolerar

    SvarSlett