Jammen er eg gla i Moder Noreg. Og jammen er eg gla for å vere heime att. Men jammen er det også ein del ting eg han reagert på etter at eg kom heim.
Kor ufattelig uhøflige er ikkje Normenn då. Berre brøytar seg fram kor det skulle vere, snike i køen. "Flytt dokkar, her kommar eg" liksom. Eige ikkje skam, heller ei det minste snev av generøsitet.
Og det er då volsomt kor dei glor på kvarandre. Viss noken bak snakkar litt høgt eller ein mobiltelefon ringer, MÅ dei snu seg og sjå. KEN E DITTA? Der var ein som såg litt rar ut, vi snur oss og glor. Eller der er ein som ser heilt normal ut, men han rynkar litt på nasa, vi snur oss og glor. Det går rett og slett ikkje an og forsvinne i mengden heime i Noreg. Sjølv om alle har kvit hud, lyst hår og blå auge.
Å ja men ho har jo gjort sine observasjonar i bygde-Noreg, tenkjer kanskje du no. Men neida, i Oslo, i Bergen, kor det måtte vere, dei er alle like. Og ikkje noko please og thank you, eller ynskyld for at eg dytta deg litt. Og ka skjer med å snakke så høgt i mobilen. Sånn at ein er sikker på at alle skal høyre det.
Folkeskikk kva er det? Kvifor skal eg bry meg om alle dei andre? Det er ikkje mitt problem. Berre eg får det eg vil ha, og kan leve mitt liv akkuratt slik som det passar meg. Og kreve alt det eg har RETT på. Eg kan utbrodere med å trekke parallellar til valkampen og enkelte parti, men eg lar det ligge.
Folkens, gje kvarandre eit lite smil, sjølv om det ikkje alltid er sol. Og når dama på butikken spør om du vil ha pose, sei JA TAKK, eller NEI TAKK. Om du må dytte borti folk sei ynskyld, og i desse svineinfluensa tider, hald deg for munnen når du skal nyse. Ser du ein familie på tur, spør om du skal ta eit bilde så alle får vere med. Du trenge ikkje ta heilt av, men det er så lite som skal til og det kostar deg ingenting.
Nei noken gongar saknar eg the land og home and away, the land of no worries and are you all right mate. Men det er vel noke eg berre må leve med.
Kamilla liker dette
SvarSlett