Grøn og frodig som det fyrste dag, for å sitere Oddvar Torsheim.
Sunnfjords kunsthovudstad, fiskemekka, brebygda, fagre Jølster. Her har eg altså oppheldt meg ein del dei siste tre vekene. Jølstraholmen Camping, opplevingar for små og store, og løn i posan for meg. For etter lått kjeme gråt, etter den søte kløe kjem den turre svie, striskjorta og havrelefsa, og oppgjerets time. Ja, 5 månader i sus og dus, eller utvekslingsopphald i utlandet som det offesielt heiter, krev eit oppgjer slik at eg igjen kan betale min skatt og verte ein respektert samfunnsborgar. Difor har eg vaska do til senebetendelsen tok meg, rista tepper og plukka opp driten etter andre. Men jammen er det no ikkje litt deilig også å komme heim om kvelden og kjenne at ein har gjort eit dagsverk.
Grilldress, fortelt og vannsklier som må spylast. Ein litt overivrig resepsjonist som syns det er kjempestas og få snakke engelsk igjen, forklarar og peikar på kart og anbefalar atraksjonar i hytt og veir. Ja det er meg. No worries. Det overraskar meg kor ekstremt hyggelige alle Austlendingar er, og at alle sunnmøringar så sure. Dette kostar hytta, den har dette utstyret, viss du ikkje vil ha den så stikk, take it or leave it. Og nei det går ikkje an å forhandle om prisen. Og jammen har det regna heile juli, men guu so kjekt det e å snakke om veret.

Høyr sjølv:
http://www.rockheim.musikkonline.no/shop/displayPerson.asp?pid=37483&pname=Oddvar%20Torsheim
Hm, hm, hm, ein Jølsterdag.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar