søndag 30. august 2009

Slik e no livet på ein gard

Eg har lova å skrive om livet på ein gard, og kjære lesar, her kjem det. I grunn ikkje så mykje å skryte av. Katten er død (gjekk med i 17. Mai feiringa som pappa så fint uttrykte det). Kyrene er for lengst komt på bordet og vel så det. Ripsa er det ingen som plukkar og graset blir slått av naboen. Siloen min er ikkje lenger beire enn siloen din. Skodda henge tongt ned i fjella. Slik e no livet på ein gard akuratt no. Men graset e grønt for alle...



mandag 24. august 2009

På veg inn i akademia



Plutselig var eg blitt masterstudent. Uten at det i grunn var planlagt. Og er bunden til Universitetet i Bergen i to nye år. Og alt er plutselig veldig alvorlig.

På første forelesning blei vi spurt om kva vi skulle skrive om. Eh.. e eg den einaste som ikkje ha funne det ut endå? Må nok til å lese meg opp litt. Er dette rommet mitt dei neste månadane?




søndag 16. august 2009

Livet etter Australia

Plutseleg er det uvant at alt føregår på høgre sida. Her om dagen sat eg og småsov litt på bussen. Eg letta på augene og tenkte; Shit vi er på feil side! Men det var vi jo ikkje for no er vi i Norge. På gata skal ein atter ein gong gå til høgre for å ikkje kollidere med folk. Og opp trapper. Men eg har ein tendens til å alltid halle mot venstre.

Jammen er eg gla i Moder Noreg. Og jammen er eg gla for å vere heime att. Men jammen er det også ein del ting eg han reagert på etter at eg kom heim.

Kor ufattelig uhøflige er ikkje Normenn då. Berre brøytar seg fram kor det skulle vere, snike i køen. "Flytt dokkar, her kommar eg" liksom. Eige ikkje skam, heller ei det minste snev av generøsitet.

Og det er då volsomt kor dei glor på kvarandre. Viss noken bak snakkar litt høgt eller ein mobiltelefon ringer, MÅ dei snu seg og sjå. KEN E DITTA? Der var ein som såg litt rar ut, vi snur oss og glor. Eller der er ein som ser heilt normal ut, men han rynkar litt på nasa, vi snur oss og glor. Det går rett og slett ikkje an og forsvinne i mengden heime i Noreg. Sjølv om alle har kvit hud, lyst hår og blå auge.

Å ja men ho har jo gjort sine observasjonar i bygde-Noreg, tenkjer kanskje du no. Men neida, i Oslo, i Bergen, kor det måtte vere, dei er alle like. Og ikkje noko please og thank you, eller ynskyld for at eg dytta deg litt. Og ka skjer med å snakke så høgt i mobilen. Sånn at ein er sikker på at alle skal høyre det.

Folkeskikk kva er det? Kvifor skal eg bry meg om alle dei andre? Det er ikkje mitt problem. Berre eg får det eg vil ha, og kan leve mitt liv akkuratt slik som det passar meg. Og kreve alt det eg har RETT på. Eg kan utbrodere med å trekke parallellar til valkampen og enkelte parti, men eg lar det ligge.


Folkens, gje kvarandre eit lite smil, sjølv om det ikkje alltid er sol. Og når dama på butikken spør om du vil ha pose, sei JA TAKK, eller NEI TAKK. Om du må dytte borti folk sei ynskyld, og i desse svineinfluensa tider, hald deg for munnen når du skal nyse. Ser du ein familie på tur, spør om du skal ta eit bilde så alle får vere med. Du trenge ikkje ta heilt av, men det er så lite som skal til og det kostar deg ingenting.


Nei noken gongar saknar eg the land og home and away, the land of no worries and are you all right mate. Men det er vel noke eg berre må leve med.



fredag 14. august 2009

Ingebjørg

I følgje ho sjølv er det berre lov med ti per dag, men her kjem likevel ei liste!

Valutabjørg
Gnetnebjørg
Reisebjørg
Sovebjørg
Trøttebjørg
Sosebjørg
Pakkebjørg
Reknebjørg
Etebjørg
Bollebjørg
Ølbjørg
Alkobjørg
Svimebjørg
Peisbjørg
Inforbjørg
Faktabjørg
Kjøyrepåhøgresideavveiennårdetervensterkøyringbjørg
Lillabjørg
Silobjørg
Odelsbjørg
Gladebjørg
Det e kult bjørg
Bjørg i solnedgang

Takk til fotomilla for bilder.

onsdag 12. august 2009

Jølsterdag


Grøn og frodig som det fyrste dag, for å sitere Oddvar Torsheim.

Sunnfjords kunsthovudstad, fiskemekka, brebygda, fagre Jølster. Her har eg altså oppheldt meg ein del dei siste tre vekene. Jølstraholmen Camping, opplevingar for små og store, og løn i posan for meg. For etter lått kjeme gråt, etter den søte kløe kjem den turre svie, striskjorta og havrelefsa, og oppgjerets time. Ja, 5 månader i sus og dus, eller utvekslingsopphald i utlandet som det offesielt heiter, krev eit oppgjer slik at eg igjen kan betale min skatt og verte ein respektert samfunnsborgar. Difor har eg vaska do til senebetendelsen tok meg, rista tepper og plukka opp driten etter andre. Men jammen er det no ikkje litt deilig også å komme heim om kvelden og kjenne at ein har gjort eit dagsverk.

Grilldress, fortelt og vannsklier som må spylast. Ein litt overivrig resepsjonist som syns det er kjempestas og få snakke engelsk igjen, forklarar og peikar på kart og anbefalar atraksjonar i hytt og veir. Ja det er meg. No worries. Det overraskar meg kor ekstremt hyggelige alle Austlendingar er, og at alle sunnmøringar så sure. Dette kostar hytta, den har dette utstyret, viss du ikkje vil ha den så stikk, take it or leave it. Og nei det går ikkje an å forhandle om prisen. Og jammen har det regna heile juli, men guu so kjekt det e å snakke om veret.

Høyr sjølv:
http://www.rockheim.musikkonline.no/shop/displayPerson.asp?pid=37483&pname=Oddvar%20Torsheim



Hm, hm, hm, ein Jølsterdag.


tirsdag 11. august 2009

Grisen står og hyler som aldri før men det er på feil måte

8 millionar dosar med vaksiner, panikk og skriveri i hytt og pine. Følg Siljes førebyggande svineinfluensaråd og du skal sjå at det vil gå deg godt og du får leve lenge i landet.

1) Vask deg på hendene heile tida eller bruk antibac
2) Ikkje nys eller host på andre
3) Blir du sjuk så hald deg heime og bli frisk.

Kan det vere så forbaska vanskelig? Og koffor er det ingen aviser som skriv dette?