torsdag 24. september 2009

Lisensmannen

Å jada eg var for allmennkringkasting, NRK og sjølvsagt lisensen. Men det var før lisensmannen i eigen person sto i døra (Hei eg er frå NRK (tada, drar eit ID-kort opp av jakka)) og krevde å komme innanfor. Desse kronene skulle han no saktens få, det er ikkje det. Men å bli tatt så kraftig på senga. Å så så slu. Plutselig hadde han berre invitert seg sjølv inn i gangen og lurt til seg namnet og personnr mitt ved å først sei at eg ikkje trengte å sei det, så ved å late som om det var kjemperart at eg ikkje svarte når han spurte om det. Og eg som trudde eg ikkje var lettlurt.
Kven er det som vil ha denne jobben då? Snike seg inn til folk tross deira sterke motstand, lure ut av dei opplysningar og gje dei ein rosa lapp for så og gå igjen. I eit svak augneblink syns eg difor litt synd i fyren og prøvde å rette på samvitet og sjølvkjensla ved å forklare at eg egentlig var for lisens, og tross alt studerte medievitenskap. Dessuttan trudde eg at når du hadde boks så hadde du boks og då var du automatisk registrert som lisensbetalar.
Sjølv om eg ikkje ville ha noko ståandes på meg, eg eig verken tv, boks, hus eller fjernkontroll fekk han både namn, fødselsdato og nr. Og viss han hadde spurt om passnummer hadde han sikkert fått det og.
Men alt i alt har eg i grunn vore nøgd med å betale min lisens. Ja til nynorsk, ut i naturen, folkemusikk, nyheiter på tegnespråk og Gudsteneste kvar søndag liksom. Men så kom Karsten heim og kunne fortelle at han allereie betalar lisens. Og det var då eg mista motet. Blei skeptisk. Kva er det de driv med NRK? Har de begynt med lugubre metodar og luretriks? Prøver de å melke dobbel lisens ut av allereie betalande brukarar? Lure naive studentar som alltid har vore trufaste mot statskanalen? Har du kanskje vore på kurs hjå sleipe fetter 3 eller hengt litt for mykje med di rappkjefta umodne veslesøster nr 2?
Ikkje gå på ein smell no. Vær så snill.

torsdag 17. september 2009

Høgare utdanning

Jada, her er beviset på min bachelor-grad. Ikkje for å skryte..

onsdag 16. september 2009

Fire nye år

Ja til kultur, ja til lisens og allmennkringkasting, ja til pressestøtte, ja til innblanding frå staten, ja til lånekassen, ja til velferdsstaten, ja til skule og barnehage, ja til levande bygder, NEI til billig alkohol og bensin, Ole Ivars og feite gamle gubbar (det siste va kanskje litt usaklig men det er jammen bilde nedanfor også!)

Hurra!



onsdag 9. september 2009

Franky Boy


Kvar dag sit han der. Frank. Røyker Marlboro. Snakkar i telefonen, sikkert med media. Analyserer. Frp blir nemnt opptil fleire gonger. Ved bordet ved sida av sit ein ung mann. Sikkert ein sampol student. Han lyttar til sin store master. Eg smiler litt for meg sjølv i det eg går forbi. Studenten smiler tilbake. Vi har eit felles "stakkars Frank, han har mykje å gjere for tida" moment. Det er godt det snart er over. Frank kan få gå heim å sove litt. Vaske kleda sine. Ordne seg på håret.