fredag 31. juli 2009

Slag i trynet

I dag kom eg til å tenke på diverse slagord og fann nokon kriterium for slagord på verdsveven:

1.Det skal vere lett å hugse.
2.Det skal gje meining i forhold til merket.
3.Det må falle godt inn i språket.
4.Det må kunne beskyttast juridisk

I mi vidare vurdering har eg lagt mest vekt på kriterium 2. Noken er kanskje meir for motto å rekne men vi er ikkje så nøgne på det.

Gode slagord

Firda vgs: ”Meir enn ein skule” Så sant så sant.

Sogn og Fjordane: "Trivselsfylket i vest" Klart det!

Hotel Cæsar: "Et hjem for oss, et hjem for deg" Rett og slett.

TV 2: "Se hva som skjer" Ja det er ikkje noke anna eg heller vil.

Freia: "Et lite stykke Norge" I allefall viss du er i utlandet.

Fjordland: "Så godt, så enkelt" Ja det enklaste e ofte det beste (Det var Rema 1000)

Eidsvolleden: "Enige og tro til Dovre faller" Då snakka vi.

Dårligare slagord

Danvik fhs: "Internasjonalt mediesenter" Det var vel å ta litt hardt i

Høyre: "Frihet under ansvar" KJEDELIG!

Krf: "Bruk hjerte. Og hode. Og stemmen" Hallo hermar du etter 4H eller? Og ka skjer med punktum heile tida?

P4: "Lyden av Norge" Godt slagord, men er det sant? Neppe.

Narvesen: "Har du lyst har du lov" Det er no berre tull.

Color Line: "Opplev sjøen, glem alt annet" Ikkje så lett når ein ligge på over rekka og spyr. Burde heller vore: "Glem alt annet, du spyr hele veien likevel".

Joker: "De smarte sparer tid og penger"Er det no so særlig billig? Og tidbesparande når ein må snakke med alle sambygdingar både før under og etter handelen? Tar som oftast ein time før ein kjeme seg ut darifrå.

Synnøve Finden "God smak i hundre år" Nei veit du ka, den kvitosten er no ikkje noke god, og hadde ikkje TINE monopol på ost for 30 år sidan?

Viking Redningsteneste: "Når du er litt ute å kjøre" Det er jo nettopp det du ikkje e!

onsdag 29. juli 2009

Å gje meg sjangsen


Kjære alle saman! Velkommen til min nye blogg.
Den markerar starten på ein ny epoke i mitt liv. Livet etter Australia. Kanskje ikkje like spennande som livet i Australia, men eg fekk på mange måtar smaken på å skrive om seg sjølv på verdsveven. I følgje mi tidlegare lærebok i "English as an International Language: Meaning, language and purpose (ja det var tittelen på faget) er ein blog: "at one extreme a personal diary kept by an individual who wants to inform the world of his or her activities interest and opinions. Silje at Monash var det første. Eg har ein følelse av at denne bloggen vil gå meir på dei to siste.
God fornøyelse!